Søkemotoroptimalisering (eller SEO, search engine optimization) kan i all enkelheit forklarast som å strukturere ei nettside slik at den vert funnen, lesen og indeksert av søkemotorar på best mogleg måte. Dette vil igjen føre til at di nettside (og innhald) vert attraktivt, relevant og ikkje minst synleg for søkemotorar (og for oss som nyttar søkemotorane).
Kvifor er dette så viktig? Dette spørsmålet burde i utgangspunktet vere unødvendig å svare på. Tenk deg korleis det hadde vore om ingen kunne finne ut kva bedrifta di dreiv med, eller ikkje kunne finne telefonnummeret til bedrifta di nokon stad. Dei fleste bedrifter kunne ikkje ha vore i drift lenge om dette var situasjonen.
Det same kan skje med di nettside om den ikkje er enkel for folk å finne via søkemotorar. Potensielle kundar kan ha søkt på web etter tenestar som du tilbyr, uten i det heile å vite at du eksisterar. Då hjelper det også lite kor mykje ressursar og pengar du har brukt på eit flott design og utsjånad på nettsida.
Det å søkemotoroptimalisere bør, etter mi meining, vere eit viktig ledd i markedsføringa for eikvar bedrift som satsar på eigen nettstad. Tenk berre på kor enkelt det vert for folk når det einaste ein treng å gjere er å skrive nokre få ord inn i ein tekstboks, klikke på ein knapp og vips! Der er det ei lenkje til di nettside.
Over 85% av alle internettbrukarar har i dag søkemotorar som den mest brukte metoden for å finne produkt eller tenestar. Dette betyr at det er veldig sannsynleg at dine kundar – og potensielle kundar – benyttar søkemotorar også. Når ein besøkande finn deg via ein søkemotor, så er det ikkje på slump. Det er fordi at dei er på jakt etter noko som du tilbyr.
Di nettside vil dukke opp når besøkande søker etter nøkkelord som er relaterte til di bedrift. Dette betyr igjen at du får levert ditt budskap til potensielle kundar i nøyaktig den same augneblinken som dei ser etter dine produkt eller tenester.
Nettstaden din må stikke seg ut
I SEO-samanheng er det uhyre viktig at nettstaden din stikk seg ut i mengden. Det nyttar ikkje at søkemotorane finn deg – du må også rangere høgt (ligge langt oppe på resultatlista i søkemotorane). Når det er snakk om søkemotoroptimalisering er det viktig å merke seg at:
- Meir enn 50% av internettbrukarane kun vil sjå på den første sida i eit søk i ein søkemotor.
- Meir enn 80% av brukarane ser ikkje på meir enn dei tre øverste resultata i søkemotoren.
Ok, så SEO er viktig. Men kor skal ein starte?
Medan ein kan gjere mykje av jobben sjølv når det kjem til søkemotoroptimalisering, så bør ein også vurdere å overlate dei meir tekniske metodar- og teknikkar til profesjonelle som driv med dette til dagen. Her kjem til slutt nokon enkle tips som kan hjelpe deg i gong med søkemotoroptimalisering:
- Du skal nytte unik «title meta tag» for kvar enkelt nettside
- Du skal alltid ha ein beskrivande «description meta tag»
- Du skal i «keywords meta tag» kun bruke nøkkelord- eller fraser som er gjengitt i sjølve teksten på den enkelte nettside
- Bruk «alt-tag» for å beskrive bilder eller lenkjer som blir brukt på nettsida
- Du skal alltid bruke og definere overskrifter på nettsida som «H-taggar».
- Du skal alltid bruke interne lenkjer for å bedre navigasjonen på nettsida.
- Du skal bruke eit nettstadkart
- Du skal skaffe gode relevante lenkjer inn til nettstaden din.
- Og sist men ikkje minst: Innhaldet på nettsida skal vere relevant og informativt for brukarane («Content is King»).
Lukke til!
Var dette gresk for deg? Ta gjerne kontakt for meir diskusjon rundt temaet, eller besøk Tibi.no for å finne ut kva søkemotoroptimalisering kan ha å sei for din nettstad.
Les meir
