Valutakalkulator

Lurar du påValuta kor mykje du lyt betale for ein dollar eller ein euro? Ja, eller for alle moglege andre valutaer for den saks skyld? Handlar du på eBay – men vert aldri klok på kva du må ut med i norske kroner? Er du mykje ute på eventyr i andre land – og har behov for å rekne valuta via mobilen? Svaret finn du på Valutakalkulator.net.

Eit hobbyprosjekt i stadig utvikling

Utviklinga av Valutakalkulator.net starta i september 2008 – mest som ein valutakalkulator for eigen bruk. Etterkvart som tida gjekk byrja også familie og vener å sjå nytten i kalkulatoren. Dette vart ein stor pådrivar for å vidareutvikle løysninga. Moglegheita for å rekne ut valuta via SMS kom raskt på plass, og i seinare tid også eiga webside tilpassa mobiltelefonar samt moglegheita for å legge inn valutakalkulator på eiga nettside eller blogg. Valutakalkulatoren er i dag også oversett til andre språk; engelsk og svensk. Alt dette på grunn av innspel frå dei som har benytta kalkulatoren. Og brukarane sviktar ikkje – den dag i dag vert det fortløpande lagt inn nye funksjonar og feilrettingar grunna gode tilbakemeldingar og konstruktiv kritikk.

Frå 0 til 400 000 besøkande i året

Etterkvart som tida har gått, har «hobbyprosjektet» eskalert i form av brukarmasse – og pr. i dag har Valutakalkulator.net over 400 000 besøk pr. år. Som eit resultat av dette har valutakalkulatoren måtte flytte inn på ein ny og betre webserver for å klare å ta imot alle som ynskjer å benytte den. Det heile er sjølvsagt veldig morosamt, og viser korleis det som i starten var eit lite hobbyprosjekt kan vekse seg stort.

Benyttar du valutakalkulatoren? Kva er bra, og kva kan med fordel forbetrast? Er det noko du savnar, som ein valutakalkulator bør ha? Kan tenesteutvalet bli betre? Alle tips og konstruktiv kritikk vert godt motteke – legg gjerne igjen nokre ord i kommentarfeltet :-)

Les meir