Tveit er ein kar på 26 år som opprinnelig kjem frå Granvin i Hardanger, men som no har busett seg i Åsane, Bergen. Til daglig jobbar han som IKT-konsulent i Samnanger kommune. Utdanninga tok han i Trondheim (1 år, informatikk, NTNU) og i Sogndal (bachelorgrad informasjonsbehandling) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Tveit interesserar seg stort for IT og teknologi generelt (hurra for teknologiske dupeditter).
Innan IT er Tveit mest interessert – og innehar mest kunnskap om – webprogrammering-/utvikling, databaser, drift (windows, unix/linux, nettverk, lagring m.m.). Tveit har dei siste år også fatta stor interesse for markedsføring og søkemotoroptimalisering (SEO) på internett – noko han synest er eit meget spanande og interessant tema.
På «fritida» (les: det som måtte vere igjen av den) driv Tveit eit lite enkeltpersonforetak som går under same navn som denne nettstaden, Tveit.net. Stikkord for foretaket er affiliatemarketing, søkemotoroptimalisering, søkemotormarkedsføring, trafikkanalyse for eigne nettstader, samt sporadiske konsulenttjenester for kundar. I tillegg jobbar Tveit noko som webutviklar/konsulent for Tibi DA – eit foretak som leverer totalløysningar innan web.
I tillegg er interessa også stor for lyd og bilde. Heimekino, bilstereo – you name it!
Noko Tveit skulle ynskje at han kunne brukt meir av si framtidige fritid på er å oppleve meir av verden og friluftsliv.
